Valde geitene framfor fotballen

STØLSDRIFT: Kurt Heggestad har to stølar der geitene held til i sommarhalvåret. No er dei på den nedste stølen, fem minutt biltur frå garden. ¿ Det fine med geitene er at dei forsvinn på beite opp i fjellet, for så å kome tilbake presis til mjølking, seier geitebonden.
STØLSDRIFT: Kurt Heggestad har to stølar der geitene held til i sommarhalvåret. No er dei på den nedste stølen, fem minutt biltur frå garden. ¿ Det fine med geitene er at dei forsvinn på beite opp i fjellet, for så å kome tilbake presis til mjølking, seier geitebonden. Foto: ØYSTEIN TORHEIM

VEITASTROND: Kurt Heggestad (26) sa nei til ny kontrakt med Sogndal for å bli geitebonde i Veitastrond. – Eg har aldri angra, seier han om verdivalet som lagkameratane rista på hovudet av.

Publisert: 17.10.2008 kl. 09:46 , endret: 17.10.2008 kl. 10:39

Av: Jørn-Arne Tomasgard

Det er haust, det ruskar ute. I geitefjøsen i Veitastrond i Luster kommune luktar det stramt av bukk. Det er paringstid for dei 110 geitene til Kurt Heggestad.

Ein times biltur unna, i Sogndal, kjempar dei tidlegare lagkameratane hans for opprykk til eliteserien.

Kurt sa takk og farvel til toppfotballsatsing i fjor haust, etter ein god sesong i den kvite og svarte trøya. I ti sesongar aksla han Sogndal-drakta, etter at han som 16-åring vart teken inn i A-stallen, stempla som stortalent.

HAN HADDE TILBOD om ny kontrakt, men sa nei. Motivasjonen var ikkje på topp. Han tenkte meir på heimebøen, på geitene, på ysteriet heime i Veitastrond. På å skape noko i bygda han vaks opp. På å utvikle gardsmatproduksjonen av Kalda-Kari-ost som foreldra hans driv med i dag. Dei greier ikkje å produsere nok til å tilfredsstille marknaden, så potensialet for utvikling synest stort.

– Det er ei tilleggsnæring til garden som gjev tryggleik økonomisk. Å foredle eigne produkt er noko av det kjekke, det å skape noko direkte, seier Kurt.

Han vil ikkje vere med på tanken om at idrettsfolk i dag er for opptekne av det dei held på med, til å tenkje på det som kan oppfattast som meir samfunnsnyttig utvikling.

– Eg var kjempeprivilegert som fekk spele fotball i Sogndal. Eg hadde ambisjonar, men det var ikkje berre positive opplevingar mot slutten av Sogndal-tida. Då Emberland vart trenar, fekk eg eit løft, og den siste sesongen min var god. Men motivasjonen min var allereie på veg ned, seier han som forklaring på det utradisjonelle valet han tok.

TANKEN OM DET GODE LIV i Veitastrond var sådd. Familien vaks og måtte uansett flytte ut av den tronge bustaden i Sogndal. Då vart det flytting heim framfor eit meir usikkert tilvere med eittårskontrakt.

Sambuaren Silje Christine Indrebø Nygård frå Raudeberg i Vågsøy ville bli med til denne bygda som må tole karakteristikken avkrok i ein urban samanheng.

– Eg trivst! konkluderer Silje.

– Eg òg trivst! lyder ekkoet frå vesle Noah på to år, der han rullar rundt på golvet og flørtar med fotografen.

– Vi meiner dette er det rette. Det var mange som syntest det var merkeleg då vi flytta hit, men det er også mange som skjønnar argumenta våre, seier Silje.

KURT STADFESTAR AT mange av fotballkompisane i Sogndal syntest det var eit rart påfunn å flytte til Veitastrond.

11 månader gamle Linus er den siste familiemedlemmen. Og nettopp borna var ein viktig grunn til valet om å flytte til Kurt si heimbygd.

Dei gjekk mot straumen. Trenden er at fleire og fleire unge klumpar seg saman i byane. Det er langt frå Caffe Latte til geitefjøsen i Veitastrond, der langhåra bukkar er sprekkeferdige av brunst.

Slik sett er det kanskje ikkje så langt likevel.

Veitastrond er ei bygd med om lag 100 innbyggjarar. Til liks med fleire tilsvarande bygder i Distrikts-Noreg slit Veitastrond med høg gjennomsnittsalder og få småbarnsfamiliar.

– Eit vennepar av oss har også flytta hit, så det er fire ungar i barnehagen no, og seks på skulen. Det er litt få leikekameratar. Fleire venner av oss vurderer å flytte heim, og vi håpar dei gjer det. Samstundes skjønar eg at folk ikkje vil flytte åleine hit. Det kan vere ei utfordring å vere singel i Veitastrond, innser Kurt.

HAN ER I FERD med å fullføre lærarutdanninga nettbasert. Sambuaren er førskulelærar. Utdanninga gjev tryggleik og noko å falle tilbake på om draumen om verksemdutvikling ikkje skulle la seg realisere.

Dei fleste som har flytta frå Veitastrond har hamna i Sogndal, får vi vite.

– Ein av grunnane til at vi flytta andre vegen, var at vi ville ha betre tid til ungane, seier han.

Meininga er at gutane skal vere med foreldra i gardsstellet. Bli kjend med dyra, kome nærmare mor, far og besteforeldre, og springe utan sut kring på den endelause grøne marka. Slik sett er dette tilsynelatande den perfekte bonderomantikk. Men både Kurt og Silje veit at travle dagar ventar.

– Arbeidsdagen er ganske ulik arbeidsdagen som fotballspelar. I sommar har eg stått opp klokka 06.00 for å mjølke. Eg har passa ungar og hjelpt til på garden, før kveldsstellet. Det er koseleg arbeid.

NÅR EIN KØYRER til Veitastrond, sit ein med kjensla av at vegen blir smalare og smalare, og ein lurer på om den snart forsvinn. Vi passerer svingar, tunnelar og snøskavlar som ligg att etter den fæle fonna som var høg som fleire hus stabla oppå kvarandre.

Men snart opnar dalen seg til ei stor, grøn slette. Det er lett å tenkje seg at Jostedalsbreen har trekt seg tilbake etter å ha forma dalen, og etterlate denne gullgruva av grøderik morenejord.

Staden er kjent for store mengder snø, og isolasjon i vinterhalvåret.

– Vi var vel isolert to-tre veker i vinter som følgje av fonna som gjekk. Det var to og ein halv meter snø på marka her. Men vi hadde det vi trengde av mat, og posten kom fram. Så det gjekk greitt, avdramatiserer Kurt.

FØREBELS BUR FAMILIEN i ein nybygd kommunal bustad. Det ser ikkje ut til å vere tilrettelegginga frå det offentlege det står på for småbarnsfamiliar som vil gå motstraums.

– Vi flytta inn hit for å prøve i første omgang. Det er søstera mi som har odel på garden, og vi håpar ho vil flytte heim frå Lærdal. Vi er samde, men førebels veit vi ikkje heilt korleis vi skal organisere oss. Vi tenkjer litt i ulike baner. Anten kan vi utvide garden, eller så kan vi kjøpe oss ein eigen gard. Vi har eit par følarar ute der, seier Kurt.

Det følgjer sterke kjensler med ein slektsgard, så det er ikkje berre enkelt å selje den ut av familien. Dilemmaet er at folk med odel vegrar seg for å bu på plassar som Veitastrond. Den klassiske problemstillinga er buplikt, feriestad, tilleggsjord eller levande bygder.

Med planar om småkraftverk og fallrettar til gardane, finst her også uavklarte økonomiske interesser.

– Vi må ha ei avklaring innan sommaren. For her inne er det å byggje hus det same som tre millionar kroner tapt om ein vil flytte, innser Kurt Heggestad.

FAKTA
Kurt Heggestad:

FØDD: 19. august 1982
ADRESSE: Veitastrond i Luster kommune
SIVIL STATUS: Sambuar med Silje Christine Indrebø Nygård, borna Noah (2) og Linus (11 mnd.)
FOTBALLKARRIERE: Spelte på Sogndal 1998-2007, 211 kampar
YRKE: Geitebonde og lærarstudent

Skriv et nytt innlegg

Skriv ditt innlegg her - maks 2000 tegn. Innlegget må undertegnes med fullt navn. Innlegg med usaklig innhold eller upassende språkbruk blir ikke publisert.

TRIVST: ¿ Eg òg trivst! seier Noah (2). Borna var ein viktig grunn til at Kurt Heggestad og sambuaren Silje Christine Indrebø Nygård flytta til Veitastrond frå Sogndal.
TRIVST: ¿ Eg òg trivst! seier Noah (2). Borna var ein viktig grunn til at Kurt Heggestad og sambuaren Silje Christine Indrebø Nygård flytta til Veitastrond frå Sogndal. Foto: ØYSTEIN TORHEIM
KALDA-KARI-OST: Foreldra til Kurt Heggestad livnærer seg på produksjon av gardsmat. Kalda-Kari-osten blir omsett i butikkar i Sogn og er også å finne på Bondens marknad som kvar haust blir halde på Bryggen i Bergen. Denne verksemda har Kurt planar om å utvikle vidare.
KALDA-KARI-OST: Foreldra til Kurt Heggestad livnærer seg på produksjon av gardsmat. Kalda-Kari-osten blir omsett i butikkar i Sogn og er også å finne på Bondens marknad som kvar haust blir halde på Bryggen i Bergen. Denne verksemda har Kurt planar om å utvikle vidare. Foto: ØYSTEIN TORHEIM

Tabeller

# Lag K S U T P
1 Ranheim 9 7 1 1 22
2 Sandefjord 9 6 1 2 19
3 Bodø/Glimt 9 5 2 2 17
4 HamKam 9 5 2 2 17
5 Bryne 8 4 3 1 15
6 Hødd 8 5 0 3 15
7 Kristiansund 9 4 2 3 14
8 Stabæk 9 3 4 2 13
9 Mjøndalen 9 4 1 4 13
10 Kongsvinger 8 3 2 3 11
11 Fredrikstad 9 3 1 5 10
12 Strømmen 8 2 3 3 9
13 Ull/Kisa 9 1 2 6 5
14 Vard Haugesund 8 1 1 6 4
15 Elverum 8 1 1 6 4
16 Follo 7 1 0 6 3
# Lag K S U T P
1 Molde 30 19 5 6 62
2 Strømsgodset 30 17 7 6 58
3 Rosenborg 30 15 10 5 55
4 Tromsø 30 14 7 9 49
5 Viking 30 14 7 9 49
6 Brann 30 13 3 14 42
7 Haugesund 30 11 9 10 42
8 Vålerenga 30 12 5 13 41
9 Lillestrøm 30 9 12 9 39
10 Odd 30 11 7 12 39
11 Aalesund 30 9 11 10 38
12 Sogndal 30 8 10 12 34
13 Hønefoss 30 7 12 11 33
14 Sandnes Ulf 30 8 8 14 32
15 Fredrikstad 30 9 3 18 30
16 Stabæk 30 5 2 23 17
# Lag K S U T P
1 Manchester City 38 28 5 5 89
2 Manchester United 38 28 5 5 89
3 Arsenal 38 21 7 10 70
4 Tottenham 38 20 9 9 69
5 Newcastle 38 19 8 11 65
6 Chelsea 38 18 10 10 64
7 Everton 38 15 11 12 56
8 Liverpool 38 14 10 14 52
9 Fulham 38 14 10 14 52
10 West Bromwich 38 13 8 17 47
11 Swansea City 38 12 11 15 47
12 Norwich 38 12 11 15 47
13 Sunderland 38 11 12 15 45
14 Stoke City 38 11 12 15 45
15 Wigan 38 11 10 17 43
16 Aston Villa 38 7 17 14 38
17 Queens Park Rangers 38 10 7 21 37
18 Bolton 38 10 6 22 36
19 Blackburn 38 8 7 23 31
20 Wolverhampton 38 5 10 23 25
# Lag K S U T P
1 Real Madrid 38 32 4 2 100
2 Barcelona 38 28 7 3 91
3 Valencia 38 17 10 11 61
4 Málaga 38 17 7 14 58
5 Atlético Madrid 38 15 11 12 56
6 Levante 38 16 7 15 55
7 Osasuna 38 13 15 10 54
8 Mallorca 38 14 10 14 52
9 Sevilla 38 13 11 14 50
10 Athletic Bilbao 38 12 13 13 49
11 Real Sociedad 38 12 11 15 47
12 Real Betis 38 13 8 17 47
13 Getafe 38 12 11 15 47
14 Espanyol 38 12 10 16 46
15 Rayo Vallecano 38 13 4 21 43
16 Real Zaragoza 38 12 7 19 43
17 Granada 38 12 6 20 42
18 Villarreal 38 9 14 15 41
19 Sporting Gijón 38 10 7 21 37
20 Racing Santander 38 4 15 19 27

Hvem vinner eliteserien 2013?


Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Gard Steiro
Copyright © Bergens Tidende
Krinkelkroken 1, Postboks 7240, 5020 Bergen
Sentralbord: 05500 (man-fre. 08.00-16.00) Fra utland: +47 55 21 45 00
Manglende avis: 05500 før 10.00
Tips BT: 02211
Kontaktinformasjon avdelinger