Sogndal nøgde med spelarstallen

Eit opprykksjagande Sogndal fekk ikkje den midtbanespelaren dei ville ha i sommar. Men like viktig var det å halde på spelarane, deriblant Even Hovland.

Publisert: 01.09.2010 kl. 09:41 , endret: 02.09.2010 kl. 12:07

Av: Roar Lyngøy og Øystein Vik

BERGEN (bt.no): – Det skjer ingenting på spelarsida i dag, sa Sogndals sportssjef Trond Fylling timar før overgangsvindauget stengde i går.

– Og det er vi faktisk veldig glade for. Det er vanskeleg både for spelar og klubb å koma inn i eit nytt lag midt i sesongen. Vi har hatt ein god vårsesong, og er glad for å ha same spelarane tilgjengelege framfor ein haust som vi gler oss veldig til, seier han.

Einaste endring i spelarstallen til topplaget i 1. divisjon er midtstoppar Vegar Gjermundstad som kom frå konkursklubben Lyn. Sogndal ville i tillegg ha ein sentral midtbanespelar, men fekk negativt svar frå Brann då dei ville hente Eirik Bakke. Det vart heller ingen låneavtale med Mikkel Diskerud frå Stabæk.

– Vi har Elvis og Furebotn på sentral midtbane som begge har hatt ein god sesong, og dessutan har vi unge Ørjan Hopen som vi vil satse for fullt på. I tillegg er Harald Stormoen på veg tilbake frå skade, seier Fylling.

Molde ville ha Hovland

Ein spelar Sogndal kunne ha mista, var Even Hovland. Sogndal og Molde har forhandla om ein overgang, men vart ikkje einige om sum.

– Økonomien samt den sportslege situasjonen i dei to klubbane med Sogndal på topp i 1. divisjon og Molde med trenarbyte og botnstrid i eliteserien, gjer at konklusjonen vert at Even Hovland spelar for Sogndal i alle fall resten av sesongen, seier Fylling.

Hovland sjølv tar situasjonen med fatning.

– Sjølvsagt var det interessant å gå til ein klubb i eliteserien dersom eg fekk sjansen, men slik vart det ikkje og slik er fotballen av og til, seier Hovland.

– Eg lagar ikkje noko problem ut av dette, eg er innstilt på å gjera ein god jobb for Sogndal ut sesongen. Eg håpar å hjelpa Sogndal til opprykk, seier Hovland som har kontrakt med Sogndal ut 2012.

Sportssjef Fylling er nøgd med innstillinga Hovland framsyner.

– Even er ein profesjonell type og har ingen problem med å akseptere at det ikkje vert noko av overgangen. Even var innstilt på eit miljøskifte no, men både han og me må vere realistiske, seier Fylling.

Fleire endringar i Løv-Ham

Løv-Ham ligg like bak kvalikplass i 1. divisjon. Hos dei har det skjedd litt meir i sommar. Bilal Velija vart løyst frå kontrakten, Mats Cato Moldskred vart seld til Bryne, Kim Rune Hellesund har vendt tilbake til Nest Sotra og Nicolai Misje er leigd ut til Fyllingen.

Inn i stallen har dei henta den unge senegalesaren Moustapha Cissé, i tillegg til Bjarte Haugsdal som er på lån frå Brann. Dessutan er Tim André Nilsen og Fredrik Heggeland henta opp frå junioravdelinga.

Skriv et nytt innlegg

Skriv ditt innlegg her - maks 2000 tegn. Innlegget må undertegnes med fullt navn. Innlegg med usaklig innhold eller upassende språkbruk blir ikke publisert.

SATSAR PÅ EIGNE SPELARE: ¿ Eg håpar å hjelpa Sogndal til opprykk, seier Sogndal-spelar Even Hovland. Molde og Sogndal vart i går ikkje einige om ein overgang. Brynes Mads Cato Moldskred til høgre.
SATSAR PÅ EIGNE SPELARE: ¿ Eg håpar å hjelpa Sogndal til opprykk, seier Sogndal-spelar Even Hovland. Molde og Sogndal vart i går ikkje einige om ein overgang. Brynes Mads Cato Moldskred til høgre. Foto: Tor Yttri
FORNØYD: - Vi har hatt ein god vårsesong, og er glad for å ha same spelarane tilgjengelege framfor ein haust som vi gler oss veldig til, seier sportssjef i Sogndal, Trond Fylling.
FORNØYD: - Vi har hatt ein god vårsesong, og er glad for å ha same spelarane tilgjengelege framfor ein haust som vi gler oss veldig til, seier sportssjef i Sogndal, Trond Fylling. Foto: Digitalsport

Siste 20

Tabeller

# Lag K S U T P
1 Alta IF 0 0 0 0 0
2 Bodø/Glimt 0 0 0 0 0
3 Bryne 0 0 0 0 0
4 Bærum 0 0 0 0 0
5 HamKam 0 0 0 0 0
6 Hødd 0 0 0 0 0
7 Kongsvinger 0 0 0 0 0
8 Mjøndalen IF 0 0 0 0 0
9 Notodden FK 0 0 0 0 0
10 Ranheim IL 0 0 0 0 0
11 Sandefjord 0 0 0 0 0
12 Sarpsborg 08 0 0 0 0 0
13 Start 0 0 0 0 0
14 Strømmen IF 0 0 0 0 0
15 Tromsdalen UIL 0 0 0 0 0
16 Ullensaker/Kisa IL 0 0 0 0 0
# Lag K S U T P
1 Aalesund 0 0 0 0 0
2 Brann 0 0 0 0 0
3 Fredrikstad 0 0 0 0 0
4 Haugesund 0 0 0 0 0
5 Hønefoss 0 0 0 0 0
6 Lillestrøm 0 0 0 0 0
7 Molde 0 0 0 0 0
8 Odd Grenland 0 0 0 0 0
9 Rosenborg 0 0 0 0 0
10 Sandnes Ulf 0 0 0 0 0
11 Sogndal 0 0 0 0 0
12 Stabæk 0 0 0 0 0
13 Strømsgodset 0 0 0 0 0
14 Tromsø 0 0 0 0 0
15 Viking 0 0 0 0 0
16 Vålerenga 0 0 0 0 0
# Lag K S U T P
1 Manchester C 24 18 3 3 57
2 Manchester U 24 17 4 3 55
3 Tottenham 24 15 5 4 50
4 Chelsea 24 12 7 5 43
5 Newcastle 24 12 6 6 42
6 Arsenal 24 12 4 8 40
7 Liverpool 24 10 9 5 39
8 Sunderland 24 9 6 9 33
9 Norwich 24 8 8 8 32
10 Swansea City 24 7 9 8 30
11 Everton 24 8 6 10 30
12 Stoke City 24 8 6 10 30
13 Aston Villa 24 6 10 8 28
14 Fulham 24 6 9 9 27
15 West Bromwich 24 7 5 12 26
16 Queens Park Rangers 24 5 6 13 21
17 Wolverhampton 24 5 6 13 21
18 Bolton 24 6 2 16 20
19 Blackburn 24 4 6 14 18
20 Wigan 24 3 7 14 16
# Lag K S U T P
1 Real Madrid 21 18 1 2 55
2 Barcelona 21 14 6 1 48
3 Valencia 21 10 7 4 37
4 Levante 21 9 5 7 32
5 Espanyol 21 9 5 7 32
6 Athletic Bilbao 21 7 9 5 30
7 Atlético Madrid 21 8 6 7 30
8 Málaga 21 8 4 9 28
9 Osasuna 21 6 10 5 28
10 Getafe 21 7 6 8 27
11 Sevilla 21 6 8 7 26
12 Rayo Vallecano 21 7 4 10 25
13 Mallorca 21 6 7 8 25
14 Granada CF 21 7 4 10 25
15 Real Sociedad 21 6 6 9 24
16 Real Betis 21 7 2 12 23
17 Villarreal 21 5 8 8 23
18 Racing Santander 21 4 10 7 22
19 Sporting Gijón 21 5 4 12 19
20 Real Zaragoza 21 2 6 13 12

Hvem blir toppscorer i Premier League i år?

100% Fotball on Facebook

En historisk kamp i bilder

En historisk kamp i bilder

Se 25 blinkskudd fra den første kampen mellom Brann og Fyllingsdalen.

Brukte nesten to lag mot FKF

Brukte nesten to lag mot FKF

(Brann-TV): Det var rundt tyve Brann-spillere som var i aksjon under kveldens kamp mot FKF.


Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Trine Eilertsen
Copyright © Bergens Tidende
Krinkelkroken 1, Postboks 7240, 5020 Bergen
Sentralbord: 05500 (man-fre. 08.00-16.00) Fra utland: +47 55 21 45 00
Manglende avis: 05500 før 10.00
Tips BT: 02211
Kontaktinformasjon avdelinger